Kvar og ein av oss må personleg ta ansvar for korleis vala me tar, påverkar miljøet, seier eksistensialisten. Å øydeleggja skaparverket er å synda mot livd, seier teologen. Eg er einig med begge. Samtidig ser eg ein fare for at flid, i kjeldesorteringa kan bli brukt som grunnlag for fordeling av skuld og skam, mens Kapitalen pumpar opp stadig meir olje – til forsvinnande få protestar.
Pengehelvete kan me banna, men me sløkkjer det ikkje, seier Arne Garborg.
Temaet må drøftast i kaffiselskap og lunsjpausar, men det er dei storpolitiske diskusjonane som vil bli avgjerande. Løysinga på klimakrisa vil vera den som fyrbøtarane i pengehelvete kan samtykka i.
Merete Horpestad, journalist